Reisebrev frå VM i København 2023

Interessa for VM dette året var uvanleg stor og ved nyttår var det 10-12 interesserte lag. Etter kvart
vart det redusert til åtte påmelde; fire frå Askøy/Bergen, tre frå Hvasser/Oslo og ein frå
Vågsbygd/Kristiansand. I siste liten trakk dei tre frå Hvasser seg og me stod att med fem norske båtar.
Det er jamvel lenge sidan me har stilt med fleire i utlandet.

Yme klar for tur

Her er Yme pakka og klar for avreise med ettermiddagsferja Kristiansand—Hirtshals fredag 21. juli. Dette var berre innspurten på ein lang prosess, tre år etter at me tenkte å delta i Berlin. Men så kom korona, utsetting til 2021 og flytting frå Koper i 2022. Då vart det i staden NM og Linge Memorial i Oslo, som ein test av båt og mannskap; familielag med far og to søner er ikkje alltid ein suksess. Testen vart godkjend og etter litt nøling og meir sosialt press i jola var avgjerda i boks. Diverre vart det korkje tid til trening, treningsleir eller NM på Askøy som oppvarming til VM.

Etter overnatting like nord for Ålborg og totalt sju timars køyring gjennom Danmark, kom ekvipasjen fram til Sundby Sejlforening laurdag ettermiddag. Me fekk plass i køen for måling eit par timar seinare. NOR 261 var plukka ut til vektkontroll. Med unnatak av spinnakeren var alle våre segl 20 år gamle og framleis godkjende. Einaste utfordring for Yme var seglnummer på hekken. Det vart løyst provisoriske med gul teip, som diverre gjekk tom like før 1-talet var på høgd med resten. Resultatet vart godkjend under tvil:

Samstundes fekk me høyra at Team Guffen hadde fått motorhavari ved Ålborg og seinare at 404 skulle hentast av ein frå 007. Det vart nok bilkøyring den dagen. Om kvelden var det møte i teknisk komité, leia av sjefsmålar Christian Dylla.

For oss vart det sjøsetting sundag føremiddag og rigging på sjøen, før ei fin treningsøkt i lett bris. No var hamna fylt opp av vakre Ynglingar. Årsmøtet for IYA gjekk føre seg om kvelden, utan særleg dramatikk. Avgjerda om VM 2025 vart utsett til neste år og kampen står då mellom Austerrike (andre året på rad), Sveits og Gardasjøen. Men for 2026 vert det Askøy. Heile styret vart attvald

Måndag var det oppvarmingsregatta med start 13. God kuling og me tok reservespinnakeren for ikkje å risikera skade. Då me kom ut i startområdet for å testa kryssen, knakk festet for storseglet inne ved masta. Sidan me ikkje fekk løyst dette  i den harde vinden, kryssa me inn att med dårleg utbyte for dagen. Og det tok ein dryg time uansett. På land fekk me ein Biltema-sjakkel frå 007 som passa perfekt som erstatning for den faste festet på svivel. Det er ikkje uvanleg at denne knekk i sveisen på John II riggane.

Tysdag var det rormannsmøte kl. 9 og fyrste start 12. Tre regattaer vart gjennomført i rikeleg, men skiftande vind og masse sjø med hardfokk. Startane var brukbare, men elles sleit me med dårleg fart i bølgjene. Heldigvis vart siste løp for dagen ein liten opptur for oss. 405 har hatt suksess med lettfokk for å få kraft i bølgjene og var nest best samanlagd. For 261 var ei topp ti plassering innanfor.

Onsdag vart det mykje av det same, men kanskje litt mindre vind. I andre løp kom me godt ut og segla ein bra kryss, men på toppmerket mista me 20 plassar  fordi me ikkje klarte å stå opp frå babord og ikkje fann plass køen av båtar for styrbord. Stemninga var ganske laber etter dette. Pga. venta mindre vind etter fridagen vart det tre løp denne dagen òg. Etter seks løp leia AUT 286.405 var no fire og 261 ti. 404 hadde byta til lettfokk og meinte det hjelpte godt på farten, sjølv om høgda vart dårlegare. Om kvelden var det dansk-norsk-svensk-amerikansk servering og vårt bidrag var akevitt, fenalår, spekepølse, røykelaks og flatbrød, som me fekk god avsetting for.

Dei fleste var veldig klare for ein fridag og for oss passa det fint med ein dag som turist i København. Ikkje var det for varmt heller. Fredagen vart varmare og sidan den melde nordavinden ikkje kom, vart det venting på land inntil arrangøren gav opp for dagen. Innan den tid hadde me bada på stranda like sør for seglforeininga og spist lunsj på restauranten. Då heiste me segl og fekk ein liten tur i lett bris. Såleis var det synd at dei ikkje hadde ein indre bane som kunne nyttast i mindre vind. Om kvelden var det austerriksk-nederlandsk-sveitsisk-tysk servering, levande musikk, dans og generelt høg stemning.

Laurdagen var meir grå med sønnavind og fare for torever. Mindre vind og bølgjer enn dei andre regattadagane, men mykje av same føre. No vart det lett medium fokk. Sidan me mista ein dag vart det berre rom for tre løp siste dag. Me hadde gradvis slakka på riggen og i siste løp var undervanta heilt lause. Endeleg hadde det ein effekt. NOR 71 Yme vart nummer 40 av 48 i VM og me fann tidleg vår plass bak i feltet, sjølv om me innimellom hadde nokre glimt. Best resultat vart ein 17. plass i niande og siste seglas. Med vårt treningsgrunnlag kunne ein ikkje venta særleg betre, sjølv om det er lov å vona. Og det viktigaste er faktisk å delta.

Sundby Sejlforening gjennomførde ein framifrå meisterskap med sine 60 friviljuge. Det var effektiv segling på sjøen og sjølv landligge fredag var ikkje så ille. Veldig moro at 405 Fetter Fart vann, som fyrste norske sidan 1990! 261 Hoy Hoy! klarte seg òg bra med solid segling og 10. plass. For oss i turistklassen vart det ganske jamt etter at 404 Guffen (36) fekk eit stort hol i sida etter eit brutalt møte med amerikanaren for styrbord, og dimed mista dei tre siste løpa. Og 007 Shaken… (41) stilte med ny rormann siste dagen og slo til med 2. plass i siste løp, berre slått av Jørgen Ring. Vår heimtur tok 12 timar via Sverige og Moss-Horten.

Tida får visa om det vert deltaking på Askøy i 2026.  Og så må me få med oss fleire nye frå heile landet, ikkje berre 90-tals kameratane! Yngling er ein flott båttype/klasse som tilbyr tette felt og eit framifrå miljø, med evigvarande skrog og lite utstyrshysteri. Dette bør nye generasjonar setja høgt. Neste VM går føre i Gmunden, Austerrike 18-25. mai 2024. Det tidlege tidspunktet er pga. statistisk dårlege termiske tilhøve i juli. Neste NM er planlagd saman med Soling på Fjærholmen 31. august – 1. september 2024.

Tekst: Ronny Rognhaugen

Foto: Cecilie og Ronny Rognhaugen

NOR 405 i krankø etter seieren

Resultatliste: Yngling Open World Championship 2023 manage2sail

Meir foto: Frederik Sivertsen (photoshelter.com)