Styremedlem Ronny rapporterer fra Kristiansand:
“Det er diverre liten aktivitet eg kan melda om frå Kristiansand. NOR 71 “Yme” har stått tørt på land heile sesongen pga. mykje Optimist reising og oppussing av hus. Dautida er nytta til omlakkering av skuta slik at Yme er minst like fin som då han forlot Borge Bringsværd i 1970.
Student Ynglingane til CSS er i drift, men det har vore mest tursegling på dei. Berre Jan Adalberon har stilt opp trufast på tysdagane med NOR 257. NSF har tatt kontakt med CSF for å få til match racing med Yngling. Odd Ørnulf Stray, som sitt i NSF styret, vil fyrst ta kontakt med studentane i CSS for å få avklart om deira båtar kan nyttast. Eg var i Moss under NC4a (Optimist og Zoom8) og fann NSF sine Ynglingar parkert på land. Sjå fotografi som ligg med.
Helsing
Ronny”
Send oss en historie fra dine opplevelser på Sørlandet!
www.yngling.no håper på videre rapport fra studentseilerne i CSS og NOR 257 🙂