Ynglingsegling i Kristiansand 2010

Norges Seilforbund (NSF), Christianssands Seilforening (CSF) og Christiansand Studentseiling (CSS) samarbeidar om eit nytt segltilbod. Målet er å få fleire Ynglingar til å delta i regatta, rekruttera fleire seglinteresserte og etterkvart få til match racing når kvaliteten på båtar og mannskap er god nok. NSF bidrar med 4 sett segl og match racing instruktør. CSF lånar ut 4 båtplassar i Gjestehamna, og lagringsplass for segl. CSS stillar med sine 2 Ynglingar, og elles er det private som kjem med sine båtar. I vår er det planlagt 2 teorisamlingar:

Måndag 26. april kl. 18-20 Yngling; utstyr, trim og teknikk. Litt om regatta. Måndag 31. mai kl. 18-20 Regattasegling og match racing Fyrste prioritet er å få båtane på vatn og seglklare. Om det går greitt så er utfordringa å få 2-3 personar til kvar båt. Treninga vert tysdagsregattaene saman med jollene frå 4. mai. Er dette noko du vil vere med på? Kontakt i så fall klassekaptein Ronny Rognhaugen på ronnyrogn@hotmail.com eller 48881480.

Tell your Y-friends about this...Share on Facebook0Email this to someonePin on Pinterest0Tweet about this on Twitter

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *