Artikler

Reisebrev frå NM/EM og 50-årsjubileum for Yngling i Horten 7-9. september 2018

NOR 71 «Yme» hadde ikkje delteke i eit ordentleg NM sidan Stor-NM i Arendal 2003. Yme var med i Oslo 2004, men med berre 7 båtar tapte Yngling sin NM status etter 35 år. Forsøket på å vinna att statusen på heimebane i 2011 lukkast heller ikkje med berre 6 båtar. Heldigvis tok deltaking seg opp fram mot VM på Askøy i 2015. Men det  var utan Yme. Ynglingen vart konstruert av Jan Herman Linge i 1967, men det var fyrst i 1968 at produksjonen ved Borge Bringsværd i Drøbak kom i gang. Norsk Ynglingklubb (NYK) vart dessutan skipa 29. november same år slik at det vart eit dobbelt jubileum.  VM 2018 gjekk føre seg på Gardasjøen i juli utan norske deltakarar, men sidan det opne NM i Horten fekk status som EM venta me betre deltaking enn på lenge. 24 båtar var brukbart, men det var plass til fleire.

NOR 71 «Yme» hadde ei samtrening siste onsdagsregatta før meisterskapen. Fredrik Haug kom med som ny tredjemann, medan Jan Wahl og Ronny Rognhaugen hadde sigla fast saman sidan juni.  Jan og Ronny starta transportetappen tidleg fredag. Sjøsetting gjekk veldig greitt, men så var det litt venting før tauing over til Horten Seilforening. Fredrik kom rett frå Rjukan like før rormannsmøtet kl. 15 og me var sjøklare 1530. Baneområdet var mellom Bastøya og fastlandet på sørsida av Horten. Overskya og stabil vind 6-8 m/s frå nord-aust. Fyrste start vart trong og mange var over. Etter generell tilbakekalling vart det ny sjanse, men no vart Yme pressa over midt på lina. Sidan det var «i» start var det nyttelaust å koma rundt endane utan heilt å mista kontakten med feltet. Me tok då heller dette løpet som trening sjølv om me visste det vart OCS. Me hang greitt med på kryss, men tapte ein del på spinnaker og rundingar. Ni båtar var før oss i mål. Neste løp kom me godt ut ved startbåten og hadde god fart i fri vind. Lett regn som me ikkje merka noko til. Tapte framleis på unnavind, men hang greitt med og fullførte som nummer 9. Då var seglinga over for den dagen. Det var meld ein del vind til natta så me fann ein grei bås for Yme. Kl. 18 var det pizzafest og kl. 20 held Jørgen Ring eit fordrag om Ynglingen. Han hadde sigla NOR 1 i 1968 og vart primus motor for Yngling som rekrutteringsbåt i Danmark. Då me endeleg fann hotellet var det berre å lada opp til neste dag.

Laurdag morgon var me på plass litt før kl. 9 og denne gong var rormannsmøtet saman med Andungane. Alt klart til fyrste start kl. 10. No var det sønnavind 5-6 m/s.  Det var meld meir, men det vart heller mindre når vinden dreidde mot aust. Me satsa på lettfokk denne dagen, men sleit med dårleg høgde. I ettertid fann eg ut at riggen og særleg undervanta var for stramme. P.g.a. lite rutine klarte eg diverre ikkje å korrigera for dette under vegs. Det enda med ein 14. plass i fyrste løp før me vart pressa ut av nokon hissige nederlendarar i andre start og denne gongen måtte me gå attende og vart 18. i mål. Tredje løp vart ein ny 14. plass, før me i siste løp kraup opp til ein 12. plass i den lette vinden. Det var perfekt tidspunkt å avslutta dagen for no kom mørke skyer med regn og masse vind. Me rakk ein tur på hotellet før middag kl. 18. Det vart ingen protestar i dag heller. Middagen smakte godt,  det var rikeleg til alle og god stemning inne og ute.

Sundag var me på plass litt over kl. 9 og sigla ut av bukta like etterpå. Det var regntungt, meir vind og me satsa på hardfokk som fredag. Det visste seg å vera eit godt val og me fann att høgda. Vinden var stabil 7-9 m/s.  Med to dårlege startar rakk ikkje god båtfart og mykje betre teknikk med spinnaker lenger enn til to 12. plassar. NED 350 kom på babord og øydela det som kunne ha vore ein brukbar start i fyrste løp. Dei trudde dei skulle klare å gå framfor, men me måtte slå for unngå kollisjon. Me protesterte, men uansett var vår start heilt øydelagd. Med bra segling kom me oss gjennom halve feltet. Situasjonen var jamvel godt dokumentert av fotografen viste det seg etterpå. Me rakk å pakka båtane til premieutdeling kl. 14. Tredobbelt nederlandsk før Jørgen Ring syner at dei norske har litt å gå på. Totalt vart me nummer 13 av 24 i EM og nummer 7 av 17 norske. Slett ikkje verst! I styremeisterskapen for NYK vart me nummer 3 av 5. Det vart ei flott avslutting på ein framifrå meisterskap. Så var det berre heimvegen att. Planen er å stilla neste år òg, men bøygen er mannskap og pakking. Når båten fyrst er pakka har det lite å seia om det er 1 eller 10 timar køyring. VM 2019 er i Sheboygan, like nord for Chicago.

Ronny Rognhaugen