Ekstraordinært årsmøte 15. November 2017

kl. 19 via https://appear.in/nykarsmote

Einaste sak er revisjon av lovane. Mykje er berre formatering, men viktigaste endringa er gjeninnføring av normale reglar for medlemskap. Ordinære årsmøte i februar fastsett kontingenten for inneverande år. Tidsfrist for betaling setjast til 15. mars sidan rapportering til IYA er 20. mars. Rabatt for ungdom fjernast og styremøter vert vedtaksdyktige med minst 3 deltakarar.

Dokument med styret sitt framlegg til endelege lovar og endringslogg ligg nederst i dette innlegget. Videomøte via appear.in for alle med gyldig medlemskap. Oppkopling må testast i god tid før møtet.

Framlegg til alternative lovtekstar sendast til styret@yngling.no seinast sundag 12. november.

Lover-for-Norsk-Yngling-klubb-revisjon-x.11.2017

LOVER FOR NORSK YNGLINGKLUBB endring 2016_2017

Ronny Rognhaugen,
Leiar NYK.

Tell your Y-friends about this...Share on Facebook117Email this to someonePin on Pinterest0Tweet about this on Twitter